Innlegg:
Deler denne fordi nokon synes usikker på om Senterpartiet vil samarbeide med Høgre ! ? Det skal vi sjølvsagt ikkje!! ( at det av og til i politikken er breie forlik er noko heilt anna ). Vårt landsmøte har tydeleg sagt at Sp går til val på ei ny regjering. Fordi vi må ha bort den mest sentraliserande regjeringa ever, ei regjering som aukar skilnadene i samfunnet vårt ! Senterpartiet sitt mål er ei Senterparti- Ap styrt regjering. Altså ei fleirtalsregjering. Per Olaf Lundteigen uttalar her det som vidare er ein realitet: Senterpartiet er vaksinert mot Høgre. Skikkeleg vaksinert. Får vi ikkje fleirtal med Ap ved valet, må vi diskutere om det er klokast å ha ei mindretallsregjering , eller ei fleirtalsregjering med Sv. Det er ikkje aktuelt å gå i regjering med nokon av dei noverande regjeringspartia. Det er ikkje aktuelt med Rødt eller MdG.
Postet:
2021-08-08 20:32:52
Delt innhold:
Senterparti-veteran Per Olaf Lundteigen utelukkar ikkje eit regjeringssamarbeid med SV
Per Olaf Lundteigen utelukkar ikkje eit regjeringssamarbeid mellom Senterpartiet og SV. Men med Høgre ynskjer han ikkje noko som helst samarbeid.