Innlegg:
Den store NATO-øvinga Trident Juncture finn stad i Noreg i oktober og november. Meir enn 40.000 soldatar frå over 30 land skal delta.
Enorme mengder utstyr og materiell må på plass i forkant. I dag var justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen til stades då eit skip med militært utstyr kom til Borg Havn i Fredrikstad.
– Øvinga treffer heile det norske samfunnet, og gjev Noreg ei unik moglegheit til å øve heile bredda i totalforsvaret – sivilt og militært, seier Wara.
Alle foto: Torgeir Haugaard, Forsvaret.
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/enorm-logistikkoperasjon-for-nato-ovinga-trident-juncture/id2610357/
Postet:
2018-09-07 15:41:08