Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
❗ Munnleg eksamen for elevar på 10. trinn, Vg3 og påbygg blir avlyst. – Då vi avlyste skriftleg eksamen i februar, opna eg for å avlyse munnleg eksamen dersom situasjonen skulle tilseie det. Der er vi no, seier kunnskaps- og integreringsminister @gurimelby. Tysdag hadde Melby eit møte med fylkeskommunane, og i etterkant henta departementet inn informasjon om korleis smittesituasjonen er rundt om i landet. – Slik eg har sagt heile tida så har vi følgt med på smittesituasjonen, og dei siste tala viser at det er såpass mange smitteutbrot og elevar i karantene at det i sum ikkje er forsvarleg med munnleg eksamen, seier Melby. Privatistar og elevar med behov for eksamen for å få vitnemål og fag- og sveinebrev skal framleis ha eksamen. 👉 Sjekk lenke i bio for meir info!

Postet:
2021-05-27 12:54:58