Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Norske utanlandsstudentar får lån og stipend til hausten, sjølv om dei ikkje kan starte studiane fysisk på studiestaden med ein gong💰 For å få lån i Lånekassen til studiar i utlandet er det eit krav om at du må vere fysisk på studiestaden. Men under pandemien har mange vore nøydde til å reise heim til Noreg eller til å utsetje reisa. – Sjølv om vaksineringa går raskt her heime og studentane blir prioriterte, så er det framleis usikkerheit knytt til korleis studiar i utlandet kan gjennomførast til hausten. Det heng saman med innreisereglar og dokumentasjon på vaksine i andre land. Difor vidarefører vi unntaket frå regelverket slik at dei får studiestøtte uansett, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. 📲Trykk på lenka i bio for å lese meir

Postet:
2021-06-08 20:29:48