Person / Aktør:
Guri Melby
Guri Melby
Parti: V

Innlegg:
Framover vil fleire flytte arbeidsplassen sin til staden dei sjølve vil bu, heller enn å flytte til der jobben har kontor. Det er eg overtydd om etter ein dag i eit solfylt Sunnfjord! Gjennom dagen har eg fått besøke ei rekke verksemder i både Førde og Florø. Gjennom Peak Sunnfjord har dei fått ei kraftsamling som eg er sikker på at vil gjere det attraktivt for endå fleire å starte opp eiga bedrift. Når gode krefter kjem saman synleggjer ein også at det er eit pulserande miljø ein får lyst å flytte til. Fleire av dei eg møtte, understreka kor viktig det å tilhøyre eit større miljø var for at dei flytta til Førde. Ekstra kjekt var det å få åpne Remote Norge si avdeling i Førde. Nok ein gong går privat næringsliv foran og syner oss at det er mogleg å sjå føre seg ei framtid der ein kan ha ein arbeidsplass nettopp «remote». Her må staten følgje etter! Eg rakk også ein tur innom Øyrande vgs for å høyre om planane for den nye vidaregåande skulen. Eg gler meg til å sjå korleis ein med den nye skulen får til eit betre samspel mellom yrkesfaga og studiespesialiserande. Før eg dro heim vart det også ein visitt innom redningshelikopterbasen i Florø. Det er eit imponerande arbeid dei gjer for å halde oss alle trygge, uansett kvar i landet me bur eller besøker. Spesielt imponerande er det å tenke på alle turane dei har ut i vær som ikkje akkurat er like fint som det eg fekk oppleve i dag. Alt dette er gode døme på kva grep ein kan gjere for å gje alle fridom og moglegheiter. Eg gler meg allereie til neste gong eg får komme til Førde og Florø! ❤️

Postet:
2021-06-25 20:09:18