Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
Korleis lanserer ein betre ei tiltaksplan for ville pollinerande insekt enn å slå ein blomstereng saman med landbruksminister Olaug Bollestad? 🐝 Bier og andre pollinerande insekt er heilt avgjerande i økosystema, og for oss menneske. Difor har vi i dag lagt fram ein tiltaksplan for å redda desse livsviktige hjelparane våre. Vi treng fleire varierte blomsterenger og at dei sikrast riktig skjøtsel, blant anna slik som eg og Olaug har vore med på her i blomsterenga på Ola Narr i Oslo. Nokre av dei nye tiltaka er ei eige tilskotsordning for tiltak for pollinerande insekt, ei nasjonal insektovervaking og endra skjøtselsregime på mange statlege areal, frå flyplassar og forsvarsareal til vegkantar og kraftstasjonar. Sjå tiltaksplanen med alle dei 24 tiltaka her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vil-betre-levevilkara-for-ville-pollinerande-insekt/id2867109/

Postet:
2021-08-11 19:09:48