Person / Aktør:
Utenriksdepartementet
Utenriksdepartementet

Innlegg:
Arktisk råd er den viktigaste møteplassen for dei åtte landa som grenser til Arktis. Denne veka er utanriksministrane frå medlemslanda og urfolksrepresentantar samla på Island - fysisk! Diskusjonar om klimaendringar, reine hav, berekraftig utnytting av naturressursane, grøn energi, naturmangfald, næringsutvikling, trygge lokalsamfunn og meir til blir mykje meir levande når ein møtest ansikt til ansikt. Mellom dei store møta i Arktisk råd jobbar seks arbeidsgrupper med å samle kunnskap og anbefale konkrete tiltak for det som skjer i Arktis. Klima og miljø går som ein raud tråd gjennom mange av prosjekta. På bildet: utanriksministrane Ann Linde 🇸🇪, Jeppe Kofod 🇩🇰 og Ine Eriksen Søreide 🇳🇴 @utrikesdep @udenrigsministeriet @arcticcouncil

Postet:
2021-05-20 13:26:59