Person / Aktør:
Utenriksdepartementet (Norge)
Utenriksdepartementet (Norge)

Innlegg:

Postet:
2021-07-19 13:31:53

Delt innhold:
Torsdag skal det markerast at det er 10 år sidan terroren 22. juli. Det blir blir blant anna minnemarkeringar i regjeringskvartalet, i Oslo domkyrkje og på Utøya. Om kvelden skal det vere eit nasjonalt minnearrangement i Oslo Spektrum. Kong Harald skal halde tale og ei rekkje artistar skal vere med på å heidre dei 77 som vart drepne i regjeringskvartalet og på Utøya. Minnearrangementet blir vist direkte på NRK. Publikum i Spektrum vil hovudsakleg vere etterlatte, overlevande og andre berørte etter 22. juli. Men det er plass til fleire og det er difor lagt ut gratis billettar på Ticketmaster: https://www.ticketmaster.no/event/667849?CL_ORIGIN=ORIGIN7 [ticketmaster.no]. Det vil vere krav om grønt koronasertifikat for å delta, alternativt må du ha ein negativ koronatest som er mindre enn 24 timar gammal.