Person / Aktør:
Sosialistisk Venstreparti
Sosialistisk Venstreparti
Parti: SV

Innlegg:
Atomvåpen har grusomme humanitære konsekvensar, og eksistensen deira bidreg til ei meir utrygg verd. Dei siste åra har nedrustinga stoppa opp, og atommakter som Russland, Storbritannia og USA utvikler nye atomvåpen. SV meiner Noreg må jobbe systematisk for ei atomvåpenfri verd. Eit avgjerande middel for å oppnå dette er FN-traktaten som forbyr atomvåpen. No er det på tide at Noreg tar tilbake rolla som ein pådrivar for ei verd utan atomvåpen. I dag er det 76 år sidan bomba i Hiroshima.

Postet:
2021-08-06 09:30:36