Person / Aktør:
Venstre
Venstre
Parti: V

Innlegg:
Utslippene fortsetter å gå nedover! 💚

Postet:
2021-06-08 09:56:40

Delt innhold:
Utsleppsnedgangen held fram! I 2020 gjekk utsleppa ned med 3,2 prosent, og dei er på sitt lågaste nivå på 28 år. Noko skuldast pandemien, som nedgangen i luftfart, men det er også ein gledeleg nedgang i utsleppa frå industri, petroleum og jordbruk. Og virkemiddel vi har kjempa gjennom, som elbilpolitikk og fyringsoljeforbod, gir positiv effekt. Ein del av statistikken for dei siste åra blir no endra. Sidan SSB har korrigert ein feil dei har gjort i tidlegare statistikk. Utsleppa frå fiske og skipsfart blir justert opp heilt tilbake til 2012. Det har diverre gjort vegen mot 2020-målet lenger enn det vi har trudd. Men feilrapporteringa påverkar heldigvis ikkje den samla trenden. Utsleppa går jamnt nedover. Samstundes understerkar dette kor viktig regjeringa si satsing på grøn skipsfart er, og at det krevst endå raskare omstilling i den sektoren. Viss vi no følgjer regjeringa sin klimaplan dei neste åra, vil denne positive utviklinga halde fram.