Person / Aktør:
Bjørnar Moxnes - Rødt
Bjørnar Moxnes - Rødt
Parti: R

Innlegg:
MISTLLITSFORSLAG MOT LISTHAUG! Sylvi Listhaug hevdar at Arbeidarpartiet er meir opptatt av å beskytta teroristar enn av å beskytta ofra. Det har ho lagt ut på facebook, med bilde, og med oppfordring: Lik og del! Påstanden er usann, usakleg og urettferdig. Bakgrunnen er at stortingsfleirtalet, Venstre medrekna, ikkje vil gi politiet myndighet til å inndra pass utan domstolsbehandling. Ikkje fordi stortingsfleirtalet vil beskytta terroristar, dei vil beskytta uskyldige mot å bli vilkårleg straffa utan mulighet til forsvar. Listhaugs utspel er ei grov forsimpling av den politiske debatten. Å skulda folk for å forsvara terroristar bare fordi dei har ei anna oppfatning enn Listhaug, skremmar folk frå å delta i politisk debatt. At Listhaug rettar denne usaklege anklagen mot det partiet som blei ramma av det verste terrorangrepet etter krigen, seier mest om Listhaug. Listhaug har komme med fleire utspel som har forsimpla debatten, men dette siste er ti gonger verre enn noko ho tidlegare ha sagt eller skrive. Listhaug er justisminister. Me har ein justisminister som kjem med usanne og usaklege skuldingar mot politiske motstandarar, og skremmar folk frå politisk debatt. Slikt gkan me ikkje godta. Rødt må fremma mistillitsforslag mot Listhaug. Statsminister Solberg blei på NRK Dagsrevyen søndag fleire gonger spurt om ho ville ta avstand frå Listhaugs utspel. Det prøvde ho å snakka seg bort frå. Slik viste ho at me har ein statsminister utan moralsk ryggrad. Derfor: REIS MISTILLITSFORSLAG MOT SYLVI LISTHAUG. SÅ FÅR SOLBERG BESTEMMA SEG FOR OM HO VIL FORSVARA EIN JUSTISMINISTER SOM TRAKASSERER FOLK ELLER OM HO ENDELEG VIL SEIA AT DET GÅR EI GRENSE FOR POLITISK SJIKANE.

Postet:
2018-03-12 18:29:31