Person / Aktør:
Jon Georg Dale
Jon Georg Dale
Parti: FRP

Innlegg:
I Mai 2006 var eg på landsmøte der Siv vart valgt til leiar i FrP. Eg huskar at eg sat som ein lydig- entusiastisk type og reflekterte over at dette var ei dame som kunne få til store ting. I dag, 15 år seinare skal eg være dirigent på landsmøte som Siv takkast av på. Det er ei rar og vemodig kjensle. Siv tok FrP frå å være eit evig opposisjonsparti, til eit FrP som gav velgarane valuta for stemmene gjennom store politiske gjennomslag. Siv tok FrP fra å ha rett, til å få rett. Siv hat tatt mange støytar, men aldri bøyd av når det har vore nødvendig å stå fast. For meg personlig er dette også mitt siste landsmøte som Stortingsrepresentant og tillitsvalgt gjennom snart 20 år. Når Siv no gir seg er det rett å seie: Det har vore sabla kjekt å fått vore med på Team Jensen, og jaggu har vi fått gjort mykje. I kveld vert Sylvi valgt til ny leiar i FrP. Eg er overtydd om at ho finn sin måte å leie FrP vidare på slik at FrPs løysingar fortsatt vil prege norsk politikk i dei komande åra. Sylvi skal få mykje merksemd og støtte i det arbeidet, men i dag vil eg berre nok ein gong ha sagt: Takk for alle bidrag for land og folk Siv. Det har vore ein fest å få jobbe saman med deg alle desse åra🥳

Postet:
2021-05-08 09:37:24

Delt innhold:
Erna Solbergs varme Siv-hyllest: – Imponert over hennes lederegenskaper
Valpen til Siv Jensen (51) rappet en blomst fra blomsterbedet til statsminister Erna Solberg (60). Det sliter ikke statsministeren med. Det er verre med savnet av Siv Jensen – og Frp i regjering.