Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Eg sørga i mange år over at eg aldri fekk piano som lita, og tenkte at det var for seint. Men som trettiåring lot eg det stå til og kjøpte meg eit gammalt piano og ei lærebok. Eg blir aldri nokon konsertpianist slik draumen var som lita. Eg begynte for seint og kan øve veldig lite på grunn av både tidsmangel og kranglete musklar. Men gleda er stor over kvart eit lite framskritt. Som no, når eg endeleg klarer denne lille snutten rimeleg feilfritt ein av ti gongar😅 #musikkglede #småframskritt

Emneknagger:

Postet:
2021-05-04 21:31:41