Innlegg:
Kva konsekvensar har pandemien hatt for folk si psykiske helse, livskvalitet og rusmiddelbruk? Det har ei ekspertgruppe, under leiing av Peder Kjøs sett på, og i dag leverte dei sin rapport.
Gruppa føresler 31 tiltak både på kort og lang sikt, som i hovudsak skal styrke eksisterande lågterskeltilbod og styrke førstelinja.
– Nokon vil stå att med konsekvensane av pandemien lenger enn andre. Regjeringa vil gjere alt den kan for at dei som har hatt det vanskeleg får den hjelpa dei har behov for og at ingen vert ståande att åleine, seier statsminister Erna Solberg.
Lyst å lese rapporten? 👉 regjeringen.no/id2846707/
#koronaNorge #korona
Emneknagger:
Postet:
2021-04-30 13:18:44
Delt innhold:
Mottok rapport om psykisk helse
Fredag mottok statsminister Erna Solberg rapport om psykisk helse og rusbruk av ekspertgruppens leder, Peder Kjøs.