Person / Aktør:
Bjørnar Moxnes - Rødt
Bjørnar Moxnes - Rødt
Parti: R

Innlegg:
Du gjer ein god jobb, men i eit TV-program for nokre dagar sidan, om ambulanseflytenesta, brukte du ord som "prolongering" og "insourcing"; typiske New Public Management jåle-ord. Me treng ikkje laga norske ord av engelske - forlenging tyder det same som prolongering, og insourcing er ikkje eit ord som dei fleste forstår - det tyder å ta tilbake ei teneste som opphaveleg var sett ut (outsourced); betre då å seia at det offentlege skal overta ambulansetenesta frå eit privat selskap.

Postet:
2018-05-29 10:14:20