Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Tok opp jordbruksoppgjøret, bondeopprøret og frihandelsavtale med Storbritannia i spørretimen på onsdag. Her er mitt hovedspørsmål:
Mitt spørsmål går til landbruks- og matministeren. Jordbrukspolitikken handlar om korleis Noreg skal sjå ut, og korleis Noreg skal vera. For Senterpartiet er jordbruket enormt viktig. Senterpartiets engasjement for jordbruket, matproduksjonen og den norske bonden har mange grunnar:
Jordbruket sysselset folk og skaper verdiar i heile landet.
Jordbruket er grunnlaget for matindustrien, som er den største fastlandsindustrien vår.
Ein eigen matproduksjon er viktig for beredskapen vår – i ei krise er mat like viktig som soldatar.
Bøndene tek vare på landet vårt og sørgjer for flotte kulturlandskap, til glede for både oss som bur her, og turistar som besøker landet.
Det norske jordbruket er definitivt ei næring som er avhengig av politikk og politisk vilje. Noreg er eit kaldt land, og me har kort vekstsesong og høgt kostnadsnivå. Difor trengst det ein kraftfull jordbrukspolitikk.
Matproduksjonen i mange bygder og delar av landet er i en kritisk fase. To av dei viktigaste delane av jordbrukspolitikken er tollvern og jordbruksoppgjeret. No er det uro, bekymring og spenning knytt til begge delar. Noreg forhandlar med Storbritannia om ein frihandelsavtale etter brexit. Her er frykta at regjeringa vil gje auka tilgang for importert mat framfor norsk produksjon.
Me er òg i starten av jordbruksoppgjeret for i år, og no har me fått tal som viser at inntektsforskjellane mellom jordbruket og andre grupper aukar. Dei siste fem åra har inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper auka med 12 000 kr. Dette skjer til trass for at Stortinget har vedteke eit mål om å tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet.
Vil statsråden sørgja for å ta vare på eit landbruk i heile landet og gjennom jordbruksoppgjeret i år følgja opp Stortingets mål om å redusera og tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper?
Postet:
2021-04-23 09:04:32
Delt innhold: