Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Den mest oppsiktsvekkande og oppklarande nyhenda denne veka er at Rogaland Høgre vil ha 3-6 kommunar i Rogaland. Fyrst trudde eg det var eit soloutspel frå stortingsrepresentant Margret Hagerup, men i debatt med meg på NRK stadfesta ho at Rogaland Høgre stod saman med ho. Høgre vil ikkje at dette skal handla om korleis kartet skal sjå ut, men går du frå 23 til 3-6 kommunar så er ikkje kartet uvesentleg. Aftenbladet var snille med Høgre og illustrerte med eit kart med 5 kommunar. Eg utfordrar til å tenke korleis Rogaland vil sjå ut om Høgre-forslaget om 3 kommunar vert konklusjonen. (Og sidan eit av Høgre sine hovudmål er å få Forus inn i ein kommune så tek eg omsyn til det.) Kommune Sør: Klepp, Time, Hå, Gjesdal, Bjerkreim, Eigersund, Lund, Sokndal. Kommune Midt: Sola, Sandnes, Stavanger, Randaberg, Kvitsøy. Kommune Nord: Bokn, Karmøy, Utsira, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand. Høgre vil med eit slikt framlegg løyse det store problemet dei, saman med leiarane i Næringsforeninga og NHO, har for Forus. Slik at Forus igjen kan bli eit velorganisert og sivilisert samfunn utan dei lovlause tilstandane som er i slum-området på grensa mellom Sola, Sandnes og Stavanger. 😀 Men sjølv med Høgre sitt framlegg om 3 kommunar så vil ikkje bu- og arbeidsmarknadsområda stemme med kommunekartet. Mitt råd er: Det er få år sidan folk i Rogaland sa klart og tydeleg nei til Høgre sitt kommuneprosjekt. Lat kommunane få utvikle seg utan tvangsreformar frå hovudstaden.

Postet:
2021-04-25 08:47:40

Delt innhold: