Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
I dag er det to heile dobbeltsider i Trønder-Avisa om distré episoder frå boka mi og då aller mest frå Sandfærhus parkering. Der presterte eg å koma for å hente bilen min ein fredagskveld eg var på veg heim frå Oslo, då eg brått innsåg at bilen stod i Molde. Eg hadde tatt fly til feil flyplass😅😂 Det er mogleg å kjøpe «Dønn distré. Eller berre litt surrete?» for 199 kroner hos bokhandlarane og på nett, og også direkte frå meg, som gjerne sender signert utgåve i posten. Det kan hende de lurer på om det går an å gjera så mykje rart som det står om i boka, men ja - det gjer det😂 @spartacusforlag #dønndistré #distré #boktips

Emneknagger:

Postet:
2021-03-20 21:43:41