Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
Fylkesårsmøte i Hordaland Senterparti i dag .🍀🍀. Heimefrå på grunn av korona. Her er innlegget mitt : Kjære årsmøte Ordstyrarar Takk til fylkesleiar Jostein Ljones for hans tale til årsmøte. Det er eit uvanleg årsmøte i ei uvanleg tid. Koronapandemien har påverka dagleglivet til oss alle. Vi har opplevd den største ned-stenginga av Norge sidan andre verdskrig. Norge har takla pandemien betre enn andre land, og fyrstelinjetenesta har gjort ein stor innsats. Men pandemien har og avslørt kor sårbart samfunnet vårt er. Vi var ikkje beredt, sjølv om krisa var varsla. Intensivberedskapen i Norge er blant dei aller lågaste i Europa. 11 intensivpasientar på Ahus, eit av de største sjukehusa i Norge, er nok til å skape krise. Då pandemien kom, sto norske sjukehus utan lager for vanleg smittevernutstyr. Vi har vore heilt avhengig av import frå utlandet. ‘Kvinnslandutvalet, som skal gjennomgå myndigheitenes handtering av pandemien, kjem med si innstilling den 14.april . Svarer det ut sitt mandat , så må konsekvensen vere at vi må tenke annsleis i tida framover. Vi må frå å tenke «just in time», profitt og kortsiktigheit ,til å tenke samfunn, tryggheit , heilheit og langsiktigheit. Nasjonal beredskap vil nok bli den store debatten i tida framover. Denne debatten går rett inn i Senterpartiets verdiar, samfunnssyn og politikk : tenester nær folk, geografisk og sosial utjamning og arbeidsplassar i heile landet. Senterpartiet har lenge kjempa for trygge lokalsamfunn, sterke kommunar, lokal helseberedskap, tilstade-verande politi, ambulansar, lokalt folkestyre og desentralisert sjukehusstruktur. Senterpartiet har også fremma forslag i Stortinget om ein totalberedskapskommisjon, og om nasjonal produksjon av smittevern-utstyr, kritisk viktige legemiddel og vaksineproduksjon. Årsmøte. Nasjonal beredskap handlar også i stor grad om tilgang på arbeidskraft. Pandemien viser kor avhengig Norge er blitt av import av kritisk viktig arbeidskraft, som helsepersonell. I dag importerer vi halvparten av legespesialistane frå utlandet, men dette gjeld ikkje berre innan helse. Vi må og kunne utdanne og halde oss med våre eigne sveisarar, slaktarar, sjåførar, murarar, malarar, tømrarar, butikkmedarbeidarar og ikkje minst, reinhaldarar. Det er jo eit tankekors at dei yrka som er dårlegast betalt, er dei som no blir omtalt som kritisk viktige for nasjonens sikkerheit. Denne kritiske viktige arbeidskrafta må no få si betaling. Som gjer at dyktige ungdommar tar slik utdanning, om det er innan helse, transport, byggebransje , reinhald eller matproduksjon. Matproduksjon er ein sentral del av vår nasjonale beredskap. Det kan ikkje vere slik at for kvar dag som går, går tryggleiken for mat ned. Vi er no heilt avhengig av at trailerane og båtane kjem inn over grensa. Elles er det matkrise i løpet av kort tid. Vi har Europas dårligaste matvaretryggleik for jordbruksvarer. Berre 40 prosent av jordbruksmaten vi et, er produsert på norske areal. Det eg prøver å seie er at sjølv om pandemien er vond og vanskelig, så gir ei krise også moglegheiter for endring. Ei naudsynt samfunnsendring. Eg trur det er viktig at vi i Senterpartiet no klarar å heve blikket frå det dagsaktuelle, og over på kva vi vil bruke ei regjeringsmakt til for å få til ei slik samfunnsendring. Vi må lære av 2005 og 2009, og vere meir bevisste på dette. Vi må ta for oss dei sentrale samfunnsområda og tydeleggjere kva som er det viktigaste å gjere noko med fyrst, våre mål og våre verkemiddel. Utvikling av Senterpartiets alternativ må skje no, før valet. Det er denne viktige debatten som vi må løfte på dette årsmøtet og på landsmøtet til partiet i juni. Desentralisering er eit slikt mål. Pandemien har vist at mykje kan bli gjort frå heimekontor. Men det krev en god kommunikasjon. Det viser behovet for digital allemannsrett og fiber til alle hus, som Senterpartiet har arbeida for i mange år. Det er allereie en trend i dag at unge familiar kan ta med seg arbeidsplassen sin og busette seg i distrikta. I staden for å berre snakke om utflytting av statsinstitusjonar, bør Senterpartiet støtte opp om knoppskyting i distrikta. La folk ta med arbeidet der dei bur. Pandemien har vist oss at samfunnet er sårbart og vi må tørre å tenke nytt, radikalt og foreslå nye løysingar. Det enkle er ofte det beste. Senterpartiet går til val på ein tillitsreform. Det er på høg tid. Det er blitt for mykje av unødvendig byråkrati, kontrollar og konsulentar. Det er snart viktigare å dokumentere at ein ikkje gjer noko feil, enn å gjere det rette. I denne veka har debatten gått om at staten brukar dobbelt så mykje pengar på konsulentar som på eigen stab. Slik bygger ein opp eit enormt sidebyråkrati til det offentlege. Det verste er ikkje kostnadene. Men at dette flyttar makt ut av departement og inn i konsulentselskapa. Det opnar igjen for politisk ansvarsfråskriving, slik vi til dømes ser i Akson- saka, om felles pasientjournal . Sp må utvikle ein politikk for å gi makt og myndighet til folka i fyrstelinjetenesta, i politiet, i skuleverket, i NAV. Når det gjeld NAV, så kjem Senterpartiet til å fremme eit representantforslag i Stortinget om at NAV må møte menneske. I den nye kanalstrategien til NAV, er målet at NAV skal møte menneska digitalt. Derfor er NAV – kontora i gjennomsnitt no ope berre 4,5 timer i veka. Når heile poenget med NAV- reforma var ein dør inn, så er det eit stort paradoks at døra er stengt mesteparten av tida. Vi fremmer forslag om at NAV kontora skal ha ope like lenge som rådhusa i kommune. Fordi Nav må møte menneske. Årsmøte. Regjeringa har fremma ein rusreform, som ligg til behandling i Stortinget i vår. Det er ingen helsereform. Den handlar ikkje behandling eller førebygging, men er ein rein avkriminaliseringsreform. Senterpartiet støttar ikkje ein generell avkriminalisering av narkotika. Vi vil at rusavhengige skal møtast med helsehjelp, ikkje straff. Men vi meiner at det er mulig å få til , utan å avkriminalisere narkotika. Vi fryktar konsekvensen ein avkriminalisering vil ha for barn og unge, og for den totale narkotikabruken i samfunnet. Politiet er tydeleg i mot reforma, og seier at det vil gjere deira arbeid med førebygging blant unge meir vanskeleg. 80 prosent av befolkninga er i mot generell avkriminalisering og berre 17 prosent av Høgre sine eigne veljarar, støttar regjeringas rusreform. KrF er også i mot. Dette er rusliberalistane i Venstre sin store gjennomslag i regjeringa. Dei bør ikkje få gjennomslag i Stortinget. Det var mykje meir eg kunne sagt. Men det får eg ikkje tid til. Og for dei utålmodige : så vil Nils T.Bjørke snakke om Nasjonal Transportplan og næringspolitikk. Eg skal runde av:. Det er eit halvt år til valdagen måndag 13.september. Då er målet vårt at landet får ei ny regjering. Får Erna Solberg og Høgre ein ny periode, vil mange ting vere umulig å rette opp. Eit sterkt Senterparti er avgjerande for eit regjeringsskifte. Det er vi som flyttar veljarar over streken. Det skal vi gjere , utan å gå på akkord med dei grunnleggande Senterpartiverdiane, -Folkestyre, Fordeling og Forvaltning. Vi skal fortsatt bygge politikken på odelstankegangen , om å gje jorda over til våre etterkomarar i betre stand enn vi mottok den. Vekst er ikkje er å forbruke meir , men å forvalte betre. Prinsippet om forurensar skal betale må blir vidareført som eit overordna prinsipp i klima- og miljøpolitikken. Vi må nå dei overordna klimamåla slått fast i Paris-avtalen- ved , for å låne Per Olaf Lundteigen sine ord, legge til rette for tømmeret, timoteien og torsken. Slik at Sp logoen blir like grøn som bjørkelauvet. Om våren. På fjellet. Takk for meg!

Postet:
2021-03-20 15:53:11

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Kjersti Toppe