Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Ikkje for å vera festbrems - men kva er det som skjer med journalistar når dei får ein lekkasje frå Nasjonal transportplan? Forsvinn all evne til kritisk tenkning? For det er ein ganske så harsk godbit dei to statsrådane her kjem med for RV 13 i Ryfylke.
I Rødsliane i Suldal kommune dundrar med jamne mellomrom steinblokkene i asfalten på vegen.
Og no er det klart at staten i planen legg inn om lag ein femtedel av pengane som trengs til prosjektet fram til år 2027. Resten kjem vidare mot og eventuelt etter år 2030. Nybø og Bollestad sel dette utan blygsel ut som ei gladsak.
Ei meir sannferdig overskrift hadde vore: «Regjeringa kjem ikkje til å gjera noko med skrekkvegen i neste stortingsperiode.»
Postet:
2021-03-14 21:44:30
Delt innhold: