Person / Aktør:
Jon Georg Dale
Jon Georg Dale
Parti: FRP

Innlegg:
Norske «Ekspertar» og norsk presse er i gong igjen. Denne gongen på VGnett. No meiner disse «ekspertane» tydeligvis at dei er dumt av FrP å kjempe mot 5kr i auka bensin og dieselpris. Forklaringa deira er heilt oppsiktsvekkande. «Ekspertane» seier altså: kva hjelp det med billigare bensin når FrP har lagt ned bensinstajonanane i landet? Det tok omlag 10 sekund på google for å finne ut at påstanden er fullstendig feil. Det er fleire bensinstasjonar i Norge no enn i 2013, i den grad det er relevant. Sjå berre bilda under. Men slik held dei altså på. Journalisten stiller verken kontrollspørsmål eller sjekker fakta. «Eksperten» påstår ting han slett ikkje har dekning for, og argumenterer som om han hadde deltidsjobb i kommunikasjonsavdelinga til Senterpartiet. I mellomtida jobbar vi i FrP vidare med forslag som skal hindre at regjeringa og AP innfører ein pumpepris på over 20kr. Del gjerne om du vil bidra til at fakta når ut.

Postet:
2021-02-07 19:18:55

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Jon Georg Dale