Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Eit innlegg frå fiskeridebatten i Stortinget i dag:
«Sorry seems to be the hardest word»
Geir Pollestad (Sp) [11:25:11] (leiar i komiteen):
Utforminga av kvotemeldinga og arbeidet med ho er ei mønsteroppskrift på korleis politikk ikkje skal utformast. Ein ante jo tidleg, når ein såg det tette skiftet av fiskeriministrar, kvar dette skulle gå. Eg hadde sjølv avtalt eit møte om denne saka med fiskeriminister Per Sandberg – han sende ein statssekretær som sat på kontoret mitt og togg tyggegummi. Eg ante at dette ikkje kom til å verta nokon lykkeleg prosess. Det har det heller ikkje vorte, for det som skulle rydda opp i situasjonen i fiskerinæringa, har skapt meir kaos enn på lenge.
Det som skulle skapa føreseielegheit, har skapt utryggleik, og det om ei av våre viktigaste næringar. For ei viktig distriktsnæring – med store investeringar – som treng føreseielegheit og tryggleik, har regjeringspartia og Framstegspartiet skapt utryggleik.
Ein gjorde mange grep undervegs i denne prosessen. For det fyrste var ein ute og selde at kystflåten skulle få meir. Men så var ein òg ute og sa: Fordelinga mellom dei store og dei små båtane ligg fast. Dei to tinga går jo ikkje i hop.
Ein skulle fjerna den historiske fordelinga mellom dei ulike kvotane og erstatta dette med nokre gjennomsnittstal, og ein nekta for at ein gjorde ei endring. Ein sa: Dette betyr ingenting, me går berre over til eit nytt system. Men ein har jo kasta på båten det systemet som har lege til grunn for næringa i lang tid, og som har sikra at den minste flåten har fått ein forholdsvis større del av kvotane i dårlege år.
På punkt etter punkt har ein altså svikta, og ein har laga ein fiskeripolitikk som ikkje heng saman.
Midt oppi dette kom det ein riksrevisjonsrapport som sa at fiskeripolitikken er prega av dårlege utgreiingar og dårlege førebuingar. Det slutta fleirtalet på Stortinget seg til. Men kva valde Stortinget og stortingsfleirtalet å gjera? Jo, dei gjorde eit vedtak der dei bad regjeringa greia ut dei forslaga dei hadde vedteke som ikkje var greidde ut. Det er å driva lovgjeving og næringspolitikk i revers, og det er jo heilt feil.
Så kjem denne lovsaka som me har no, som på ein måte kronar det kaoset som ligg. Det er ganske sterk kost når landsstyret i Fiskarlaget seier at «kvotemeldingen og Stortingets behandling av denne, har satt hele fiskerinæringen i en nærmest umulig situasjon hvor viktige rammebetingelser for framtida framstår som svært uavklarte».
Det er det ein har greidd å levera etter å ha brukt så mange år på å jobba med dette. No meiner eg det er på tide å ta ein fot i bakken og seia: Dette meistra me ikkje, dette fekk me ikkje til, her må me ikkje berre tura på vidare, me må ta ein stopp før dette går alvorleg gale. For kursen er feil, og då må ein retta opp i dette.
Eg meiner at dei fire fiskeripolitiske talsmennene som var ansvarlege for dette, Bengt Rune Strifeldt, Steinar Reiten, Tom-Christer Nilsen og André N. Skjelstad, i hop med fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen, bør bruka debatten i dag til å gje ei unnskyldning til fiskerinæringa for den situasjonen som ein har sett næringa i, for fiskerinæringa fortener så mykje, mykje betre enn det dei har fått.
Dei fortener saker som er godt greidde ut, der me veit konsekvensane, ikkje der dei må sitja og tippa: Kva var det Stortinget meinte med dette? Meinte dei det eine vedtaket, eller meinte dei det andre? Kva skal skje med desse strukturkvotane? Er det me eller er det dei som skal få dei?
Her sit det folk og skal gjera investeringar. Ein har hatt ein mangeårig politisk prosess som skulle enda med at ein fekk klarleik, og det einaste ein har fått, er uklarleik. Då meiner eg at ei unnskyldning er på sin plass. Og kanskje ei utstrekt hand til dei andre partia òg – om me skal prøva på ny og sjå om me kan få til ei breiare einigheit om fiskeripolitikken, der ein legg vekk ideologien, og der ikkje regjeringa startar prosessen med å leggja fram nokre politiske forslag som ingen har bedt om, og som løyser problem som ingen har. Det var jo der òg det skjedde noko gale, for ein kom med nye skattar, ein kom med nye avgifter, ein kom med kvotebankar hit og kvotebankar dit. Alt fokuset vart på å stoppa det, så glei alt ut, og ein fekk det som no berre kan beskrivast som kaos.
Det meiner eg at ei viktig næring som fiskerinæringa fortener ei unnskyldning for.
Postet:
2021-02-02 18:44:23
Delt innhold: