Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Høgrefolk er ikkje kva dei ei gong var. Før var dei i Høgre opptekne av innhaldet i politikken - dei siste åra har dei vore mest opptekne av å selge ut pakker/budskap som den store kommunikasjonsavdelinga deira har klekka ut. Dei driv no mest på med å skremme folk. Ein av tinga dei skremmer med er Rødt og MdG. På fredag var Torbjørn Røe Isaksen med på VG sin podkast «Giæver og gjengen.» Der sa han fylgjande: «Det mest sannsynlige utfallet er jo at viss det blir en rødgrønn regjering så får de Rødt og MdG på vippen. Det er det mest sannsynlige.» Så ein liten faktasjekk: Bruker ein snittet av målingane i Norge for kvar månad - så har ikkje Rødt og MDG vore på vippen ei einaste gong sidan oktober 2020. Så det Røe Isaksen sier her er usant - og det veit han sjølv - men han er lojal til partistrategien. Det ser likevel ikkje ut som om veljarane let seg skremme så lett🍀 Det er er glad for - og me i Sp har uansett ikkje nokon plan om å sitje i regjering med MdG elker Rødt.

Postet:
2021-02-03 11:10:05

Delt innhold: