Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
I dag er det 3 år siden Høyre, Frp og V varsla at dei hadde blitt enige om å legge ned pelsdyrnæringa.
Dei tre partia er akkurat like ansvarlige for den avgjerda - og me har i ettertid fått høyre at det var ein test i forhandlingane og at det var ein morgengave.
Det verste med saka er likevel at dei bøndene som fekk næringsforbod og blei fråtekne livsgrunnlaget framleis ikkje har fått ei avklaring på kva erstatning/kompensasjon dei vil få.
Det opprører meg kraftig - fordi denne saka handler ikkje om dyr - den handler om folk. Ekte folk. Ekte familier. Fråtekne livsgrunnlaget som ein test i eit maktspel.
Dette ville aldri ha skjedd om Høyre og Erna Solberg ikkje hadde hadde støtta det. Og erstatninga hadde sjølvsagt vore på plass om Høyre og Erna Solberg hadde ynskt det.
Me må aldri meir få ei regjering som overkøyrer næringer, innfører næringsforbod for å få makt og som ikkje respekterer privat eigedomsrett og næringsfridom.
Postet:
2021-01-15 13:15:34
Delt innhold: