Innlegg:
Nokre tanker om politikken i 2020 - og eit ynskje om at du får ei god jul.
Januar og februar får definitivt prisen for beste del av 2020. Herleg med: Møter i Stortinget. Komitereise til Reykjavik og London. Fiskerimøte i Egersund. Besøk hos Aker. Fylkesårsmøte i Rogaland Sp. Lista med heilt vanlege ting kunne eg ha ha gjort lang. At bilen rauk i ein brann på flyplassen er knapt verdt å nemne.
Dagen det small, 12. mars, hadde eg nett kome attende til Oslo frå ein privat tur til Svolvær med far, bror og onkel. Du lurer på kven som fekk den største fisken? Det var eg med ein torsk på 19,8 kg.
Det som skjedde i dagane og vekene etterpå kan oppsummerast slik:
- Det var bra at det politiske Norge stod samla bak dei fyrste krisepakkane. Dei som trur at det ikkje var diskusjon og debatt mellom partia undervegs tek feil. Eg er særs stolt over den leiande rolla Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik tok desse dramatiske dagane.
- Kriser må handterast innafor demokratiet sine rammer. Eit levande Storting med debatt kan ikkje byttast ut med fullmakter til ei regjering.
- Det er mykje god terapi i å køyre bil frå Bryne til Oslo. Eg trur det vart noko slik som 11 gonger fram og tilbake i løpet av våren.
Etterkvart kom dei politiske skiljelinjene tilbake. Regjeringa lente seg på sitt støtteparti Frp - og tida for dei breie forlika var forbi. Eg er glad for at det fyrste fylket Trygve besøkte, då det igjen vart mogleg å reisa i mai, var Rogaland og verftsindustrien her.
Med unntak av at det har vore lite reiser rundt om i landet har sommaren og hausten vore meir eller mindre så normal som mogleg i eit unormalt år.
Eg set stor pris på å ha fått fornya tillit som stortingskandidat til valet i 2021 av Rogaland Senterparti. Det betyr mykje for meg å få så brei støtte.
Dei gode målingane for Sp har vore ekstremt motiverande. Eg trur kjensla i gruppemøta til Sp og garderoben til Bodø-Glimt har vore nokså like dette året. «Klart vi kan». Eit høgdepunkt var sjølvsagt då «Bosman-mannen» Jan Bøhler melde overgang til Sp.
Eg er overraska over kor tamme Frp er for tida. Det verkar på meg som om heile krafta er ute av dei. Dei er like spenstige som ei drue på veg til å bli rosin. Det toppa seg for meg då dei siste dag før juleferien gjekk til angrep på Sp sitt engasjement for norsk luftfart.
Høgre sine stortingsrepresentantar verkar å vera mette og tilfredse. I debattane opplever me at dei nokså ukritisk hyller alt som regjeringa finn på. V og KrF er det litt vanskeleg for meg å seie så mykje om då dei har vore veldig lite frampå.
Ei god og spesiell oppleving for meg var å delta i ein debatt på politisk kvarter 11. februar. Det var med Morten Ørsal Johansen frå Frp om kompensasjon for pelsdyrbønder. Då debatten starta var det heilt uklart kva som ville skje med saka i Stortinget seinare på dagen - då debatten var slutt var i alle fall den saka løyst.
Ei anna avgjerd der eg er glad for eg at me i Sp hamna på rett side i er saka om norsk luftfart. Me tok til orde for å stilla opp for Norwegian, SAS og Widerøe. Eg utfordra Ap og Frp via media på å stille opp - men fekk ei kald skulder i retur. Det utløyste ein debatt som framleis gjer at det er håp om å få tiltak for å redde norske arbeidsplasser, wizz dei andre partia vil.
Det har trass alt vore eit spanande år, sjølv om den sosiale delen av jobben har vore redusert. Sp er best når me kan vera ute å møte folk - men me har trass alt greidd oss bra gjennom 2020.
Eg vil eg ynskje dykk alle ei god og fredeleg jul - og om de kan: Slå av mobilen, dra krakken bortåt glaset. Og sett deg ned og slapp av.
Postet:
2020-12-22 13:36:26