Person / Aktør:
Kunnskapsdepartementet (Norge)
Kunnskapsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Kvar torsdag kan studentar ved OsloMet kome til campus for å møtast fysisk og få ein gratis kopp kaffi ☕☕☕ – I eit haustsemester der mykje har vore digitalt og mange har vore heime på hybelen sin, skulle folk vite at om dei kom innom campus torsdagar mellom 14 og 16 skulle dei møte folk, seier studentprest Siri M. Magnusen 👨‍👧‍👧 Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim roser tiltaket og seier at dette er ting vi vil sjå meir av i heile Noreg. Asheim har sendt eit brev til alle utdanningsinstitusjonane med forslag til ting dei bør gjere. Det handlar både om oppfølging av studentane, men også om å gjere alt dei kan for å passe på at ingen sit aleine. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/slik-skal-studentene-folges-opp-videre-under-pandemien/id2790784/

Postet:
2020-12-10 21:18:38

Delt innhold:
Kaffi-tid på OsloMet