Innlegg:
«Dans dans dans» av Odd Nordstoga var filmsnutten eg delte sist💃🏻 Eg har ingen ambisjon om å bli ein influenser som påverkar damer til å gjera dyre tiltak for å sjå ut som oppblåste ender ved munnpartiet - eller for å få skrekkfilmaktige stive ansikt av Botox og slikt. Duckface er finast på ekte ender.
Men eg har lyst til å få fleire til å ha det artig med å danse i kvardagen. Så til «a woman like you» eller «a man like you», her er ei dansespeleliste som eg håpar kan inspirere😊 Spotify sendte meg nyleg lista over mine mest spelte songar i 2020, og dei er sterkt danserelaterte:
Dance Monkey - Tones And I
She Got Me - Luca Hänni
Under The Boardwalk - The Drifters
Diamond Heart - Alan Walker
Sexy And I Know It - LMFAO
Truth Hurts - Lizzo
Despacito, Remix - Luis Fonsi m.fl.
Doin` Time - Lana Del Rey
Pray For Me - Kristin Husøy
Spirit in the Sky - KEiiNO
Out Of Reach - Gabrielle
Una Fortiva Lagrima - Demis Roussos
Pinne for landet - Freddy Kalas
Lambada - Kaoma
Poenget er å finne noko som passar ein sjølv, som får opp humøret og som får kroppen i sving. Og det er lurt å prøve noko nytt innimellom. Kople gjerne til ein høgtalar for å få meir futt i musikken (drit i naboen ei stund😆). Du treng ikkje ein dansepartner for å danse - du sjølv kan vera din eigen perfekte dansepartner 🤩 Kos deg! #dans
Emneknagger:
Postet:
2020-12-05 12:29:27