Person / Aktør:
Kunnskapsdepartementet (Norge)
Kunnskapsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Veit du om nokon som aldri fullførte lærarutdanninga? No skal fleire av dei få moglegheit til å fullføre si påbegynte lærarutdanning. For regjeringa gir 6 millionar kroner til at seks lærarutdanningar kan gi eit tilbod om skreddarsydd studieopplegg til dei 👩‍🏫📚👩‍🏫 Målet er fleire kvalifiserte lærarar. – For mange er terskelen for å gå tilbake til skulebenken høg. Eg har stor tru på at skreddarsydde tilbod er det som skal til for at fleire gjer nettopp det, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. – Sjølv om mange av dei som arbeidar i skulen utan fullført lærarutdanning har lang erfaring og gjer ein viktig jobb, kan det bety mykje for elevane og for den enkelte at dei får fullført utdanninga, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-fordeler-6-millioner-til-ordningen-som-skal-gi-flere-kvalifiserte-larere/id2787244/

Postet:
2020-11-26 12:40:32

Delt innhold:
Regjeringen fordeler 6 millioner til ordningen som skal gi flere kvalifiserte lærere
Regjeringen gir flere ukvalifiserte lærere muligheten til å fullføre sin påbegynte lærerutdanning. Gjennom en egen ordning får lærerne tilbud om et skreddersydd studieopplegg ved seks utdanningsinstitusjoner.