Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Fleire har spurt korleis dei kan skaffe seg eit signert eksemplar av boka mi «Frihet» til jul. Ikkje minst no, når koronasituasjonen set så mange grenser. Bokhandelkjeden Ark har ordna det slik at du kan bestille ei bok frå lenka i bio-en - og velje om du vil ha boka signert til ein spesifikk person. Denne ordninga gjeld frå og med i dag, og fram til og med søndag 29. november - for å vere sikker på at bøkene kjem fram i tide. På måndag skal eg gå innom og signere bøkene, slik at dei kan sendast ut før jul.

Postet:
2020-11-25 13:37:28