Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Gratulera med plassen.
[Eg har skreve ned nokre små lystige historiar som eg har opplevd i kvardagen. Sidan eg ikkje skal skrive bok - så deler eg dei litt og litt på Facebook. Forvent meir smil enn gapskratt]:
Det var dagen etter nominasjonsmøtet i Rogaland Sp i 2016. Eg hadde utan alt for mykje styr fått førsteplassen på lista.
Morgenen etterpå skulle eg ta flyet til Oslo. Eg var tidleg ombord i flyet for eg visste eg hadde det litt travelt på Gardermoen - så eg hadde sjekka inn på sete 1A. Dette var eit slik fly utan vegg mellom døra og første rad - så folk tråkka meg nesten på tærne då dei kom inn på flyet.
Ein lokal KrF-politikar kom inn på flyet, såg meg og braut ut: «Gratulera med plassen Geir». Det kom etterkvart nokre andre kjentfolk på flyet og beskjeden var den same: «Gratulera med plassen» og «gratulera med førsteplassen.» og «flott å ha deg i fremste rekke»
Det var fyrst då flyet var på veg ut på rullebanen at eg oppdaga det skrå og lett forvirra blikket til han på setet ved sidan av meg. Det var ikkje tvil: han trudde at eg vart gratulert med seteplass 1A på flyet.
Postet:
2020-11-22 08:18:11
Delt innhold: