Person / Aktør:
Kunnskapsdepartementet (Norge)
Kunnskapsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Aldri før har norske forskings- og innovasjonsaktørar fått meir pengar frå EU 🥼🧪📚✨ Nye tal viser at norske deltakarar har henta heim 2,46 prosent av pengane frå EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020. Sidan programmet starta i 2014 har norsk næringsliv, akademia og offentlege verksemder konkurrert seg til om lag 13,6 milliardar kroner. – Eg er imponert over at norske aktørar gjer det stadig betre i konkurransen om EU-midlane. Eg har stor tru på at dei skal klare å levere sterkt også i åra framover når det nye programmet startar opp. På sikt meiner eg målet må vere at Noreg får meir pengar igjen enn vi puttar inn, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/heile-136-milliardar-fra-eu-til-forsking-og-innovasjon-i-noreg/id2786231/

Postet:
2020-11-19 13:23:23

Delt innhold:
Heile 13,6 milliardar frå EU til forsking og innovasjon i Noreg
Aldri før har norske forskings- og innovasjonsaktørar fått meir pengar frå EU. Berre sidan mai i år har norske aktørar fått meir enn 2,2 milliardar kroner. Nyleg fekk ein internasjonal vaksinekoalisjon med hovudkvarter i Noreg meir enn ein milliard kro...