Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
Fleire parti diskuterer liberalisering av abortlova. Det er også ein liten dissens om dette i Sp sitt programforslag. Eg vil kjempe mot ei endring av lova som fører til at sjølbestemt abort blir tillatt heilt fram til veke 18 eller veke 22, slik R, Sv og Ap diskuterer eller har gått inn for. 22. veke er heilt opptil det tidspunkt fosteret er levedyktig. Eg meiner dagens lov og prinsippet med ei anna regulering etter at fosteret er 12 veker, er fornuftig. Eg er open for å evaluere korleis nemndene faktisk fungerer. Og kanskje gi dei anna namn, slik som i Danmark, der nemnder med same funksjon og ansvar som i Norge, blir kalla Abortsamråd. I Norge blir også over 90 prosent av seinabortane innvilga. Sentralisering av nemndene gjer at det blir lengre å reise for kvinnene. Dette bør ein revurdere. Eller bør det vere nemndene reiser ut. Der er ikkje slik i dag at kvinner MÅ møte for nemnd. Det er ein rett, ikkje ei plikt. Nemndene SKAL etter lova gjere vedtak i samråd med kvinna. Nemnda består av to utnemnde legar , der den eine arbeider på den staden der aborten skal gjennomførast. Altså spesialist. Eg meiner det blir feil å skildre dette som «fremmende menn» som skal bestemme over kvinna. Eg meiner at abortlova står seg, og håpar at Sp ikkje går til val på ei kraftig liberalisering slik R, Sv og kanskje Ap vil gjere .

Postet:
2020-11-14 10:56:38

Delt innhold:
Advarer mot lovendring
Senterpartiets Kjersti Toppe vil kjempe for å beholde abortnemndene