Person / Aktør:
Kunnskapsdepartementet (Norge)
Kunnskapsdepartementet (Norge)

Innlegg:
I Noreg er det 49 rådgjevarar rundt omkring på skulane våre som er ekspert på minoritetsspørsmål. Minoritetsrådgjevarane skal gi råd, rettleiing og oppfølging, og arbeider blant anna mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Men då skulane stengde tok færre elevar kontakt. Og då dei opna igjen auka førespurnadene. Det er grunn til å frykte høge mørketal, meiner Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). – Dersom unge som har behov for å snakke med ein trygg vaksenperson om kontroll, press, truslar og vald ikkje har moglegheit til det, er det veldig alvorleg. Eg er bekymra for mørketala, og håpar ungdom som treng hjelp tar kontakt no, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, @Grunde Kreken Almeland.

Postet:
2020-11-03 11:02:28

Delt innhold:
Håpar minoritetselevar som treng hjelp ikkje nøler med å ta kontakt