Innlegg:
- No vert det mogleg å ta taxi som ein del av ei reise kombinert med andre transportformer.
Intet mindre enn dette var det komiteleiaren i transportkomiteen Helge Orten (H) lova då han begrunna frisleppet av drosjenæringa. Og han likte argumentet så godt at han sa det fleire gonger.
Sjå for deg denne fantastiske framtida: Du kan ta flytoget frå Oslo S til Oslo Lufthavn. Du tek så fly til Stavanger Lufthavn. Og så skal du i framtida - når Høgre får vilja si - gå ut av terminalen og så ta drosje heim. Heftig.
Eller akkurat slik det er i dag for deg som passasjer. Men for dei som køyrer drosje er det ikkje som før:
Fyrst har Siv Jensen (Frp) over tid auka avgiftene for næringa kraftig. Momsen er auka, det er meir bompengar og avgiftene på drosjebilar har eksplodert. Så får næringa som er inne i ei kjempekrise som fylgje av Covid 19 ei liberalisering som vil gjera at inntektene fell ytterlegare.
Regjeringa sin drosjepolitikk er eit resultat av det verste frå dei tre regjeringspartia og tidlegare regjeringsparti, no støtteparti, Frp.
Summen av denne liberaliseringa og avgiftsauka: Svekka rettigheter og dårlegare inntekt for dei som køyrer drosje, høgare prisar for kundane og truleg eit svekka tilbod.
Men husk då Helge Orten og Høgre sine ord: Drosje skal i framtida kunne kombinerast med andre transportformer.
Postet:
2020-11-02 09:08:44