Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Eg kan jo sjølvsagt ikkje vita korleis andre forstår eit ord, men eg kan tru på at det går an å forstå eit ord feil. Ordet sopar er ikkje akkurat sjølvforklarande. Dette kokar uansett ned til at Kastrati har lagt seg flat og er lei seg for at han brukte ordet. Artikkelen står i Tidens Krav. Som eg har skrive tidlegare om dette: For å vera ærleg: Første reaksjonen min på unnskyldninga frå Kastrati var dette: Kor fantastisk det er at samfunnet vårt har kome så langt at det å bruke nedsetjande ord om folk med ei anna legning ikkje er greitt. Og ikkje minst: At eit menneske kan angre oppriktig når slike ord heilt uforvarande eller med vilje blir brukte likevel. Men så såg eg nokre av reaksjonane mot Kastrati, og då innsåg eg at homohets ikkje er det einaste vi må bekjempe. Vi må også bekjempe haldningane til folk som nyt å rakke ned på andre som har gjort feil. For ekte framskritt i samfunnet vårt får vi ikkje utan at det er mogleg å gjera opp for seg, eller utan at vi kan reise oss igjen og møte venlege fjes etter å ha drite på draget. #fotball #temperament #lovåveraraus

Emneknagger:

Postet:
2020-10-26 14:16:46