Innlegg:
Mitt innlegg under trontaledebatten :
President.
Helsekriser er dei mest sannsynlege krisene som vil ramme det norske samfunn. Pandemiar. Legemiddelmangel. Antibiotikaresistens. Helsekriser som vil kunne ta mange liv. Direktoratet for Samfunnsikkerhet og beredskap har åtvara mot risikoen. Covid-19 pandemien var varsla. Den førte til den største nedstenging av landet i fredstid.
Konsekvensar var store. For samfunnet. For næringslivet. For helsevesenet. For idretten og kulturlivet. Men også for kvar enkelt. Dei sårbare unge. Skrøpelege eldre som har blitt isolert. Som har døydd aleine. Besøksstans i bustader for tusenvis av menneske med psykisk utviklingshemming. Sannsynlege brot på grunnleggande menneskerettar. Sp fremmar i dag forslag om at praksisen rundt besøksstans og isolering av sårbare grupper under pandemien, må kartleggast. Vi treng å vite. For å lære. Og rette opp i urett.
Trontalen viser til dugnaden. Den gode naboen. Helsepersonellet som jobba overtid. Kulturlivet som måtte stenge ned. Dei som mista arbeidet. Inntekta. Alle som har ofra. Alle som har vore tålmodige. Dugnaden er fantastisk. Men trontalen bør handle om styring av landet. Ikkje om dugnad. Men om politisk leiarskap. Politisk ansvar. Politisk retning. Om samfunnstryggleik. Om nasjonens beredskap ved kriser.
Trontalen viser til internasjonalt samarbeid. Det er viktig. Men trontalen nemner ikkje nasjonal beredskap med eit ord. Det er oppsiktsvekkjande. Men ikkje uventa frå dagens regjering. For: Noreg sto i praksis utan nasjonal beredskap for vanleg smittevern-utstyr og kritisk viktige legemiddel då pandemien trefte. Ingen beredskapslager. Ingen nasjonal produksjon.
Norge har få sjukehussenger per capita samanlikna med andre land i Europa. Få intensivplassar per capita i forhold til andre land. Liten respiratorberedskap. I tillegg blir alle nye sjukehus bygd med for liten kapasitet. Pandemien har vist kor avhengige vi er blitt av import av arbeidskraft til viktige beredskapsyrke. Også i helsevesenet vårt.
Pandemien viser at Norge treng ny retning i helsepolitikken. Vi treng å styrke nasjonal beredskap. Nasjonal rekruttering av arbeidskraft. Beredskapsproduksjon av viktige legemiddel og smittevern-utstyr. Vi må prioritere det offentlege helsevesen. Avslutte privatiserings- politikken. Skrote sentraliseringspolitikken. Auke sjukehuskapasiteten. Sikre lokalsjukehusa. Styrke fastlegane. Legevakta. Ambulansetenesta. Eldreomsorga. Kommunehelsetenesta. Følgjetenesta for fødekvinner. Ikkje slå i saman fødeavdelingar. Eller byggje nytt gigantsjukehus – såkalla smittetårn- midt i Oslo.
For når alt kjem til alt, er det ikkje å velje mellom offentlege eller private tilbod som er det viktigaste. Det er å ha eit sterkt, offentleg helsevesen som skapar tryggleik i samfunnet og beredskap ved kriser – i heile landet og for alle uansett bakgrunn. Då er det lokalsjukehusa, kommunehelsetenesta og det offentlege helsevesen som gjeld.
Men Regjeringas helsepolitikk har fokus på det motsette. På enkel pasientbehandling. På konkurranseutsetting og privatisering. På effektivisering og høg grad av innsatsstyrt finansiering, basert på diagnosekoder. Men, det fins ingen kode for beredskap. Beredskap lønar seg ikkje i regjeringas marknadsbaserte helsepolitikk.
Det vil Senterpartiet endre på. Vi står for ein annen retning. For nasjonal beredskap og eit sterkt offentleg og desentralisert helseteneste som er politisk styrt gjennom avvikling av helseføretaksmodellen.
President. Til slutt vil eg omtale lause forslag frå Senterpartiet om å sørge for at den felles kommunale journalløysinga Akson blir kvalitetssikra gjennom offentleg høyring. Vi fremmer forslag om å be regjeringa straks sørge for at alle helseføretak tilbyr forsvarlege følgjetenester for alle kvinner som har meir enn 1,5 time reiseveg til fødeinstitusjon. Vi fremmer forslag om å be regjeringa utgreie ulike økonomiske modellar for å utvikle nye, verksame antibiotika, som premierer medikamentutvikling - ikkje bruk og sal.
Postet:
2020-10-05 18:28:13
Delt innhold: