Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
Gladmelding! Kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vert forlenga ut året. Dette er ikkje minst viktig for å gje alle i kultur, musikk og eventbransjane større inntektstryggleik i ei vanskeleg tid. Stor takk til Frp som gjorde det mogleg å få dette på plass gjennom avtalen dei har forhandla med Venstre, H og Krf. På onsdag demonstrerte bransjen utanfor Stortinget, der mellom anna Julie Dahle Aagård heldt ein sterk appell, og TORA - Bandpage og Dum Dum Boys underheldt. Slik sett er det ekstra kjekt og godt at ei løysing kjem berre to dagar etterpå.

Postet:
2020-10-02 15:32:13