Innlegg:
Når fleire tusen personar med psykisk utviklingshemming er blitt utsett for ulovlig isolasjon i eigen heim, besøksstans utan at det heimel for å innføre det og utan at det er fagleg grunngitt, så er det horribelt! Dette er den mørke baksida av staten og det offentlege si handtering av koronapandemien . Eg har sendt inn skriftleg spørsmål til helseminister Høie om å sette i gang ein gransking av omfanget av denne menneskelege skandalen. Den bør og omfatte praksisen med isolasjon og besøks- stopp på sjukeheimane. For å lære av våre feil. Og for at dei det gjeld, skal få ei oppreising. Orsaking! Grunnleggjande menneskerettar gjeld, sjølv ved ein pandemi ! Eg har gitt intervju til VG om dette. Her håpar eg at helseminister Høie tek ansvar.
Postet:
2020-09-23 19:20:47
Delt innhold:
Helsepolitikere ber regjeringen granske ulovlig besøksstans
Politikere fra Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Arbeiderpartiet og SV ber regjeringen finne hvor mange utviklingshemmede som har blitt nektet å ta i mot besøk - og sørge for at det ikke skjer igjen.