Innlegg:
Reiselivet må få støtte til å klara seg gjennom krisa. Stortinget har vedteke ei kompensasjonsordning for reiselivet som opphøyrde 31. august. Denne burde vore forlenga til ny ordning er på plass. Næringa meiner at det er viktig å føra vidare tiltaket med ein låg momssats på 6 prosent. Denne ordninga går ut 31. oktober, og då skal satsen hevast til 12 prosent. Dette er ikkje godt nok.
Korona-krisa vil vara ved i lang tid, og det er naudsynt å tenkja langsiktig for å ta vare på reiselivsnæringa. Då kan ikkje regjeringa arbeida etter ei vente og sjå haldning, slik vi er vitne til no. Det gjev grobunn for meir usikkerhet for dei i næringa som slit.
På kort sikt må regjeringa vidareføre dei ordningane som er vedteke ut året, og så vurdera kva som må til på lenger sikt. Senterpartiet har alt gjort framlegg om at den låge momssatsen skal gjelda ut 2021. I tillegg meiner vi at kompensasjonsordninga må halda fram og at krav om tilbakebetaling av kriselåna må utvidast frå tre til seks år. Reiselivet skal ikkje tilpassa seg krisa ved å legge ned, men ved å verta eit enno betre vertskap for nordmenn og utlendingar på reise.
Deler OA sin leiar frå i går om saka.
Postet:
2020-09-22 17:56:59
Delt innhold:
(+) Uansett størrelse på krisepakker, vil pandemien forandre tilbudet i næringer som gir folk noe å se fram til i hverdagen
I annerledesåret jobber regjeringen med en egen proposisjon samtidig med forslag til neste års statsbudsjett. Fordi neste år virker veldig langt unna i bransjer og…