Innlegg:
Riksveg 13, mellom Kinsarvik og Bu. Kalla «Den gløymde vegen». Vår stortingsrepresentant i transportskomiteen , Bengt Fasteraune, kom med oss i dag på befaring av strekninga. Ikkje ofte ein kan sjå skilt med #fare for møtande trafikk#. Eller kolonnekøyring midt på sommaren(!) - fordi vegen rett og slett er alt for smal!
Sp- delegasjonen var og på besøk hos Mikkelparken, som peika på vegen som eit hinder for næringsutvikling. Kork og kø utan omkøyringsmoglegheiter er også ei stor beredskapsmessig utfordring, for både brann, ambulanse og politi.
Her må midlar inn i statsbudsjettet for 2021 og resten av vegen må planleggast og prioriterast høgt opp i neste Nasjonale Transportsplan ! Det er eit politisk ansvar. Lokalbefolkninga og næringslivet har venta lenge nok!
Emneknagger:
Postet:
2020-09-07 22:52:38