Person / Aktør:
Jon Georg Dale
Jon Georg Dale
Parti: FRP

Innlegg:
I 2021 feirer eg 20 år som medlem i FrP, og 18 år som folkevalgt. Det har vore morosamt, lærerike, krevande og interessante år. I 2010 fekk eg drømmejobben som politisk rådgjevar i Stortingsgruppa. Sidan den gong har eg fått stor tillit og mange oppgåver. Eg har fått vore med og planlagt valkampar, forhandla regjeringserklæringar, vore statssekretær og seinare statsråd i fleire departement. Eg har fått tillit frå velgarane til å sitte på Stortinget for å ivareta deira og Norges interesser. Det heile har vore eit enormt privilegium og eg er takksam for all tillit. Til tross for at eg har drive med politikk stort sett heile mitt vaksne liv, har eg alltid meint at erfaringane eg har hatt med meg frå jobbane i privat sektor har vore ein viktig ballast for meg i mitt politiske virke. Denne type bakgrunn og innsikt meiner eg norsk politikk treng meir av, og eg føler at også eg hadde hatt godt av påfyll. Etter valet i 2021 har eg på nytt lyst å prøve meg i næringslivet. Eg håper og trur at eg har ting å bidra med, og meir kunnskap å plukke opp. Eg har difor bestemt meg for å ikkje søke attval i 2021. Det har vore ei vanskelig avgjerd og ta, men eg trur det er rett av meg å ta den no. I FrP er vi kjent for å savne oss sjølv i politikken etter kort tid, eg håper eg slepp det. Samtidig håper eg at eg også ved seinare høve kan få bidra i politikken i ei eller anna form. Dei siste 10 åra har vore eit eventyr for meg. Eg kjem til å være evig takksam både ovanfor partiet mitt, folk eg har samarbeidd med i politikk og embedsverk, Møre og Romsdal FrP, Siv og Ketil som eg har vore statssekretær for, og som eg har fått lære så mykje av. Sylvi, Terje, Per og Per Arne som har vore med å leia partiet i denne perioda. Harald Tom og Hans Andreas som har leia Stortingsgruppa. Erna som tok sjansen på å gjere meg til statsråd som yngste mann nokon gong. Men viktigast av alt: Tusen takk til alle dykk der ute som som har gitt meg det viktgaste ein har, nemlig stemma si ved valg. Eg har gjort så godt eg har kunna for å forvalte den tilliten så klokt og godt eg berre kan. Av og til veit eg at eg har fått til det, andre gongar har eg bomma. Det er framleis eit år igjen av denne valperioda. Då vil eg sjølvsagt fortsette denne jobben etter beste evne. Etter valet i 2021 venter det imidlertid nye utfordringar. For meg er det ikkje eit takk for meg i politikken, men eit takk for denne gong. Norge vil fortsatt trenge eit løysingsorientert, kraftfullt og konstruktivt liberalistisk folkeparti. FrP har ei stolt historie, og ei lys framtid. Eg skal gjere mitt for at snart 50 års kamp for lågare skattar, avgifter og offentleg inngrep kan markerast med gode valresultat også framover.

Postet:
2020-07-03 11:48:25

Delt innhold:
Frp-kronprins Jon Georg Dale gir seg på Stortinget
Tidligere statsråd, kjøttskjærer og stortingsrepresentant Jon Georg Dale (36) tar ikke gjenvalg til Stortinget. Han vil heller jobbe i næringslivet, men utelukker ikke comeback.