Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Ønske om å fjerne statuer av Churchill og andre helter fra tidligere tider er heilt bak mål. Skulle ein ta avstand frå alt i fortida ein i dag ikkje liker så hadde ein fått det travelt. Pyramidane er ikkje bygd av fagorganiserte og Roma ble bygd utan både vernehjelm, briller og åttetimersdag. Mange av desse statuane er ikkje berre av personane. Dei er av rollane som til dømes Statsministeren i Storbritannia under krigen. Churchill representerer på sett og vis heile landet og ikkje berre seg sjølv og si gjerning. (Sjølv om den kvalifiserer til statue på sjølvstendig grunnlag) Eg har ikkje sett nokon har krevd at Johan Feyer må fjernast. Ikkje veit eg om han gjorde noko gale heller. Men eg vil tru at han som eit barn av 1800-talet sikkert hadde ein og anna tanke og utsegn som me ville reagert på i dag.

Postet:
2020-06-12 17:26:49

Delt innhold: