Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Ikkje alle debattar ender der ein hadde trudd. Debatten om beredskapslagring av matkorn slutta med at Steinar Reiten (KrF) samanlikna meg og Sp med fotballtilskodaren som står på sidelinja og roper. Då måtte Reiten få svar: «President. Det er berre ein kort kommentar til representanten Reiten sitt syn på opposisjonen. Det kan nok vera at det å vera i opposisjon nokon gonger vert opplevd som å stå på sidelinja av ein fotballbane med «andreballjakka» på, hendene nede og ropa på spelet. Men eg er òg veldig glad i barnefotball, det er viktig. Det er få ting som skapar meir glede, meir frustrasjon og meir behov for å ropa enn når ein ser på dei små ungane som spelar tre på kvart lag, og ein av dei får fatt i ballen og spring over heile banen, mot sitt eige mål, og spenner ballen inn. I denne saka føler eg kanskje at den spelaren heiter Steinar Reiten.» Elles enda saka med at H, KrF, V og Frp stemte nei til å etablera beredskapslagring av matkorn. Klassisk sjølmål!

Postet:
2020-06-09 18:11:51

Delt innhold: