Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Innlegget mitt om bioteknologi fra Stortinget i går. Sjølve debatten i stortinget var etter mitt syn lang, tydeleg, respektfull og opplysande: «La meg starta med å slå fast at eg røystar i tråd med Senterpartiet sin politikk, slik han går fram av innstillinga og i partiprogrammet. Bioteknologi er vanskeleg – det er store spørsmål om liv, etikk, moral, biologi, rett og feil, spørsmål som gjeld helsepolitikk, likestilling, menneskesyn. Men eg vil seia at eg synest mange av dei argumenta som vert framførte frå andre standpunkt enn mine eigne, er gode argument. På enkelte område skal eg til og med gå så langt som å seia at dei argumenta som vert framførte for å liberalisera, er betre enn mine eigne argument for å ikkje gjera det. Fleire har sagt i dag at dei sakene me behandlar, er krevjande. Men med det store medisinske og teknologiske framsteget som kjem dei neste åra, vil denne typen saker verta enda vanskelegare i framtida. Me må difor finna ein god måte å behandla denne typen saker på. Opptakten til dagens sak er ikkje eit føredøme for andre. Det vil bidra til auka konfliktnivå, ein dårlegare debatt og dårlegare løysningar. Desse sakene er ikkje svart-kvitt. Det er f.eks. ikkje sånn at samfunnet er delt i to, mellom dei som ønskjer eit sorteringssamfunn, på den eine sida, og dei som ikkje ønskjer eit sorteringssamfunn, på den andre. Sjølv om eg røystar imot tidleg ultralyd i dag, meiner ikkje eg at dei som røystar for, er for eit sorteringssamfunn. Kritikken min om prosessen rettar seg delvis mot Arbeidarpartiet, SV og Framstegspartiet. Men eg har forståing for at dei bruker ein moglegheit som bydde seg, så kritikken min rettar seg også mot Kristeleg Folkeparti. I sak vil eg røysta likt med Kristeleg Folkeparti i dag, men endar debatten i dag med ei liberalisering, vil Kristeleg Folkeparti måtte bera ein stor del av ansvaret for det. Når Kristeleg Folkeparti skulle velja retning, brukte dagens leiing i Kristeleg Folkeparti, med Ropstad og Bollestad i spissen, abortloven § 2 c som ei brikke i sin eigen maktkamp i partiet for å sikra seg sjølv posisjonar i partiet og regjeringa. Med dette set Kristeleg Folkeparti ein ny standard for samfunnsdebatten om vanskelege etiske spørsmål, og det er ikkje ein gullstandard, men ein botnstandard. Dagens debatt kan enda med at mange av sakene er tapte for oss som står på den konservative sida i bioteknologien. Dei som har tapt, men har vunne makt med dette, kan behalda sine posisjonar og privilegium etterpå. Mi oppmoding til partia er at me i denne typen saker går vekk frå absolutt og vetorett og over på kompromiss, dialog og involvering.»

Postet:
2020-05-27 07:39:36