Innlegg:
Her er hovedinnlegget eg hadde i Stortinget om endringar i bioteknologilova. Vi fekk ikkje fleirtal for dette men debatten var uansett både interessant, tøff og lang; 6 timar. Det er ei vanskeleg sak der ein må balansere mellom teknikk og etikk, og ha respekt for kvarandre sine argument .
🍀🍀Bioteknologilovas føremål er å sikra at medisinsk bruk av bioteknologi vert utnytta til beste for menneske i eit samfunn der det er plass til alle.
Dette skal skje i samsvar med prinsipp om respekt for menneskeverd, menneskelege rettar og personleg integritet og utan diskriminering på grunnlag av arveanlegg basert på dei etiske normene nedfelt i vår vestlege kulturarv.
For Senterpartiet er det viktig at endringar i bioteknologilova ikkje er i strid med denne overordna målsetjinga.
Vi meiner at føre-var-prinsippet må vektleggjast i spørsmål der medisinsk behandling kan ha uheldige eller irreversible konsekvensar for våre etterkommarar.
Kva som er tillate i andre land kan ikkje vera avgjerande.
Noregs regulering av bioteknologi må vurderast i lys av vårt eige syn på etikk, verdiar og kva som er ønskt nasjonal regulering og rettferdig prioritering av helsevesenets ressursar.
Regjeringa har fremja forslag til 22 endringar i bioteknologilova, og Senterpartiet støttar i all hovudsak desse.
Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti har i innstillinga fremja fleire nye lovforslag, som Senterpartiet i all hovudsak er ueinig i. Desse har heller ikkje vore ute på høyring.
Eg er glad for at ein samla komité står bak forslaga til vedtak om at genetisk testing av barn utanfor helsetenesta vert forbode og at ein får ei utgreiing av marknaden for genetisk sjølvtesting med sikte på ei lovregulering av feltet.
Senterpartiet støttar ny aldersgrense for at barns rett til opplysningar om donor vert senka til 15 år, og at det vert innført ei opplysningsplikt for foreldre.
Vi støttar at det vert innført klarare og felles retningsliner for vurdering av pars omsorgsevne ved assistert befruktning, men vi støttar ikkje krav om politiattest.
Attesten som skal handla om ein person som søkjer assistert befruktning har vore sikta, tiltalt, har vedtatt førelegg eller er dømd forbrot på fleire straffeføresegner som seksualbrot, drap, narkotikabrot og ved valds- og ranskriminalitet.
Men kven skal bestemme at tidlegare domfelte ikkje skal ha rett til helsehjelp ved infertilitet? Kva slags kriminalitet er det ikkje forenleg med det å vera foreldre? Vi meiner at kravet om politiattest går for langt. I tillegg kan det skapa falsk tryggleik.
Senterpartiet støttar at lagring av egg som ikkje er befrukta og eggstokkvev på medisinsk grunnlag, men vi er sterk motstandar av forslaget frå fleirtalet om å tillata alle friske kvinner kan frysa ned egg utan medisinsk indikasjon. Dette trur vi kan gi uheldige konsekvensar ytterlegare å
kommersialisera reproduksjonen og ein uønskt teknologisering, og det kan skapa press mot unge kvinner for å utsetja graviditeten til seinare.
Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og SV vil opna for mitokondriedonasjon i Noreg. Senterpartiet meiner det er etisk problematisk å opna opp for behandling der barn får DNA frå meir enn to personar. Vi meiner òg det er feil å innføra ein ny metode som i dag ikkje vert vurdert som medisinsk forsvarleg, og der det er manglande kunnskap om konsekvensane. Forslaget vil vera i strid med biomedisinkonvensjonen som Noreg har forplikta seg til. At Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og SV føreslår at vi skal jobba for at biomedisinkonvensjonen skal endrast for å tillata mitokondriedonasjon i Noreg, viser kor langt desse partia er viljuge til å gå for å ta i bruk nyaste moglege teknikk uansett, sjølv om det er i strid med internasjonale konvensjonar på feltet.
Fleirtalet vil tillata eggdonasjon i Noreg. Senterpartiet har programfesta at vi ikkje ønskjer dette. Det opnar for at egg vert flytta frå kvinne til kvinne. Det er ein meir inngripande og meir belastande prosess enn for donorar av sæd, så det kan ein ikkje likestilla. Vi meiner at eggdonasjon kan føra til ytterlegare tingleggjering av reproduksjonen, og at det er problematisk opp mot Barnekonvensjonen og retten barn har til i størst mogleg grad å kjenna sine foreldre. Vi fryktar òg at ein viktig skranke mot surrogati vert fjerna om eggdonasjon vert tillate. Det at fleirtalet har nekta å senda forslaget på høyring, er det mange spørsmål rundt innretninga som no ikkje vert høyrde.
Arbeidarpartiet og SV vil tillata donasjon av både egg og sæd for donasjon av ferdig befrukta egg. Slik vil ikkje barna ha nokon genetisk tilknyting til sine foreldre. Senterpartiet vil eventuelt subsidiært stemma for Framstegspartiets forslag her om ikkje å tillata dette.
Fleirtalet føreslår assistert befruktning for einslege. Senterpartiet har programfesta at vi meiner at assistert befruktning skal reserverast par. Vi har eit særskilt ansvar når vi som samfunn lagar rammer rundt statlege tilbod som angår barn. Det vert meir sårbart når eit barn skal veksa opp med berre ein omsorgsperson og i dette tilfellet utan far. For assistert befruktning for einslege vil berre gjelda for kvinner, fordi surrogati er ikkje tillate og vil heller ikkje verta det. Innfører vi assistert befruktning for einslege, bryt det med likestillingsprinsippet om at menn og kvinner ikkje skal forskjellsbehandlast som omsorgspersonar. Det bryt òg med prinsippet om at assistert befruktning skal omhandla helsehjelp ved infertilitet. Men å vera einsleg er ingen sjukdom.
Fleirtalet innfører ikkje noko aldersgrense, heller, og i prinsippet kan altså ei 18 år gamal einsleg frisk kvinne be om assistert befruktning. Eg meiner det bør finnast ei grense for kva staten skal vera med på å leggja til rette for og finansiera. Dette handlar òg om prioritering i helsevesenet.
Fleirtalet vil avvikla preimplantasjonsdiagnostikknemnda og overføra ansvaret til fagmiljøa. I denne saka er vi einige med regjeringa og Bioteknologirådet, som ikkje tilrår dette. Grunngjevinga er at det vil verta meir vilkårleg utfall av søknadene, og at søknadene ikkje vil verta like grundig belyst som i nemnda som har tverrfagleg samansetning.
Fleirtalet føreslår så tidleg ultralyd som eit rutinetilbod til alle friske gravide for å avdekkja alvorleg sjukdom eller skade hos fosteret, som det står. Her blandar fleirtalspartia ultralyd i vanleg svangerskapsomsorg med ultralyd som ein del av fosterdiagnostikken – det er vesentleg.
I går tok eg imot 42 000 underskrifter mot unødvendig fosterdiagnostikk. Eg har fått mange meldingar med kritikk mot at desse forslaga vert innførte utan anna utgreiing. Senterpartiet meiner det er ingen fagleg grunn til å innføra ei masseundersøking med tidleg ultralyd av 50 000–60 000 friske gravide kvart år.
Da Kunnskapssenteret i 2012 oppsummerte forskinga på dette feltet, var konklusjonen at det er ingen dokumentasjon for helsegevinst av rutinemessig tidleg ultralyd. Det er ikkje kome nye kunnskapsoppsummeringar etter dette som gjev grunnlag for ein endra konklusjon. Tidleg ultralyd for alle vart heller ikkje anbefalt i retningslinene for svangerskapsomsorga som kom i 2018, som var basert på oppdatert medisinsk kunnskap om helse for mor og barn. Så kva er det Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og SV veit som ikkje dette kunnskapsgrunnlaget har funne ut av?
Til argumentet om å oppdaga foster med misdanning: Kunnskapsinnhentinga konkluderte med at det er stor usikkerheit om diagnostisk nøyaktigheit for påvising av alvorlege strukturelle avvik, som det heiter – bl.a. hjartefeil. Etisk sett er ei slik rutineundersøking krevjande fordi at ein vesentleg konsekvens av ei slik rutineundersøking, er å velja bort – altså det kan vera at ein tar abort.
Så handlar det òg om prioriteringar. I BT i går stod det at forslag om tidleg ultralyd for Haukeland universitetssjukehus sin del, ville det føra til 5 000 ekstra ultralydundersøkingar i året, seks nye legestillingar og fire nye ultralydmaskinar til ein pris på 1,3 mill. kr. Eg fryktar kva konsekvensar dette vil få for resten av helsetenesta, at ein prioriterer friske gravide i staden for dei som faktisk har eit behov.
Fleirtalet vil òg at ein NIPT-test skal vera primærtest ved fosterdiagnostikk og dessutan at ein tillét å utføra han for alle friske gravide. Ifølgje ein artikkel i Tidskrift for Den norske legeforening 15. mai i år, står det at NIPT er treffsikker for trisomi, men med ein kostnad per ytterlegare oppdaga
tilfelle av trisomi som ligg på omtrent 4,4 mill. kr for eitt ekstra påvist tilfelle. Dersom NIPT vert brukt som primærtest for alle gravide vil 271 av 275 dei estimerte tilfella av foster verta oppdaga, men ein vil òg få 230 falske positive prøver. Det viser at dette er ikkje eigna for ei rutineundersøking.
– Eg vil med dette ta opp Senterpartiets forslag til saka.
Postet:
2020-05-26 17:00:36
Delt innhold: