Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Innlegg om fiskeripolitikk og kvoter i Stortinget i dag: Pollestad (Sp) [11:40:34] (leiar for komiteen): Senterpartiet har eit hjarte for fiskeria langs heile kysten. Anten det er Båtsfjord, Hasvik, Florø, Eigersund, Mandal eller Henningsvær – fisken er grunnlaget for mange viktige, flotte lokalsamfunn langs kysten vår. Senterpartiet har eit hjarte for fiskeria i nord og i sør, og me har eit engasjement for dei som har store båtar, og for dei som har små båtar. Fiskeri er for oss viktig næringspolitikk. Det er òg distriktspolitikk. Men fiskeri er noko meir, for fiskeri handlar om kven me er, kven me er som folk. Eg trur at folk i Hedmark og Oppland òg identifiserer seg med dei verdiane og den kulturen som me har langs kysten. Difor er saka me behandlar i dag, spesielt viktig. Mange har peikt på Riksrevisjonens rapport. Han seier at dei som fiskar, tener meir pengar. Det er isolert sett bra. Men så seier Riksrevisjonens rapport at flåtestrukturen vert mindre variert, at ein slit med rekrutteringa, at det utanlandske eigarskapet aukar. Kystsamfunn og fiskerisamfunn taper. Det meiner Senterpartiet me må ta på største alvor. Og når me no har Riksrevisjonens rapport på bordet, når me behandlar denne saka, er jo ikkje det fordi regjeringspartia og Framstegspartiet ønskte det, men fordi heile prosessen vart utsett som følgje av koronaviruset. Difor har me kome i den situasjonen. Hadde desse partia fått viljen sin, hadde denne meldinga vore ferdigbehandla lenge før nokon visste kva som stod i Riksrevisjonens rapport. No merkar eg meg at det ikkje gjer nemneverdig inntrykk på dei fire partia, det som står der. Så er det rett som mange hevdar, at næringa har etterspurt avklaringar. Men desse avklaringane handlar fyrst og fremst om å få veta at dei mest vanvettige forslaga til regjeringa vert lagde vekk – t.d. at det ikkje vert ein statleg kvotebank. Det har skapt usikkerheit – usikkerheit rundt varigheita på strukturkvotane. Det er denne usikkerheita næringa fyrst og fremst peiker på. Og eg må jo seia at eg er glad for at det ikkje vert ein statleg kvotebank. Her har altså fire fiskeriministrar, Harald Tom Nesvik frå Framstegspartiet, Geir Inge Sivertsen, Torbjørn Røe Isaksen og Odd Emil Ingebrigtsen, kjempa for at me skal få ein statleg kvotebank i Noreg, at Finansdepartementet skal vera den store kvoteeigaren. Me har spurt dei, og dei har bekrefta det: Det trur dei på. Eg er veldig glad for at det ikkje vert slik. Eg merkar òg at dette er ei stortingsmelding med mange fedrar, men det er ikkje sånn at dei kjempar om å ta på seg ansvaret for farskapet. Dette er ei dårleg melding, og det er ein politikk som går i feil retning. Noko av det som overraskar meg, er at når Framstegspartiet er med og legg vekk ein statleg kvotebank, så må dei altså vera med på å innføra ei ny avgift, ein ny fiskalavgift for fiskeria. Og det er jo ikkje noko heilt nytt at Framstegspartiet har begynt å innføra nye avgifter. Ikkje berre aukar dei dei eksisterande avgiftene, men dei finn på nye avgifter. Det siste året har dei fått 250 mill. kr i auka CO2-avgift på fiskeri. Det skal kompenserast for nokon i ei avgrensa periode, men no kjem det altså 100 mill. kr i ei ny avgift på fiskeri. Og dette er ein start. Det er til og med sånn at regjeringspartia og Framstegspartiet har det så travelt at dei i ein parentes i vedtaket skriv at dette må koma raskt på plass, og skal på plass frå 2021. Dette er altså handsrekninga til ei næring som lever med usikkerheit knytt til pandemien: meir avgift. Det synest eg er uanstendig. Så har me i dag fått dette mest absurde oppslaget om at ein skal konsekvensutgreia forslaga. Men ingen har klart å seia kva forslag dei fire partia meiner ikkje er utgreidd godt nok. Om ein ser på forslaga frå opposisjonen, og dei forslaga Senterpartiet står bak – og eg tek opp forslag nr. 20 – vil ein sjå at alle dei forslaga ber om at ein går tilbake til regjeringa, ber at ein får vurdert, ber om at ein får utgreidd. Det er ikkje sånn at me berre seier: Sånn skal det vera. Representanten Reiten trekte fram eit forslag. Eg veit ikkje kva han reagerte på i forslaget frå Senterpartiet, men kan det vera orda at me ber regjeringa «utgreia» og «vurdera»? For det er jo kjempeflott, det er det me må gjera. Me må få kunnskap. Senterpartiet er bekymra for at kapitalbehovet i fiskeria har vorte så stort at det berre er aukande, for no opplever mange fiskerisamfunn at dei står og vippar på kanten. Det er det engasjementet Senterpartiet har, og det er det engasjementet fleirtalsregjeringa manglar.

Postet:
2020-05-07 12:40:19

Delt innhold: