Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Med tanke på den spesielle situasjonen så er 14,6% til Sp solid. Eg er godt nøgd med måten me i Senterpartiet har opptrådt på i denne krisa. Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik har gjort ein enorm jobb i finanskomiteen. Det har og kome fram i ei sak i VG. Partiet har holdt hovudet kaldt og ikkje kasta seg på lettvinte løysingar og krav bygd på etterpåklokskap. Samstundes har me heller ikkje gått i fella med å skryte opp tiltakspakkane med at nå blir alt bra for bedriftene og arbeidsplassene. Eg meiner og at Senterpartiet sine folk lokalt har stått støtt i krevande oppgåver for sine lokalsamfunn. Kjekt å sjå korleis folk tek ansvar. Og er det noko me har lært den siste tida så er det at beredskap, nasjonal kontroll og matproduksjon er viktig. Kampen mot H og Frp si sentralisering vil bli ein anna når dette er over. Så får ein leve godt med at Høgre som har statsministeren går fram på målinga. Det er ikkje så rart - og mange av dei gjer ein skikkeleg jobb. Og eg er glad for at me ikkje hadde verken folkehelseminister eller beredskapsminister frå Frp då det small. (både partiet og titlane er borte frå regjering). Det er jo eit paradoks at dersom regjeringa hadde fått politikken sin gjennom i Stortinget - så ville truleg statsministeren og Høgre gjort det langt dårlegare. Det viser at demokratiet trengs sjølv i krisetider. God helg.

Postet:
2020-05-02 11:16:35

Delt innhold:
Jubeltall for Høyre - Frp den store taperen
Høyre fosser frem under koronakrisen, mens Fremskrittspartiet er den store taperen på TV 2s ferske gallup for mai.