Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
– Vi må sikre at sårbare barn og unge blir følgt opp, sjølv om vi er i ein spesiell situasjon med koronaepidemien. No som smittetala går ned har eg bedt om at helsestasjonane og skulehelsetenesta så langt det let seg gjere går tilbake til normal drift, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie. Ei faggruppe har sett på kva konsekvensar smitteverntiltak har for sårbare barn og unge, og kva tiltak som kan bøte på desse konsekvensane. Rapporten finn du her 👇🏻 #koronaNorge #korona

Emneknagger:

Postet:
2020-05-02 08:45:07

Delt innhold:
Ny rapport om tenestetilbodet til sårbare barn og unge under koronakrisa
Mange barn og unge har ikkje fått det tilbodet dei har rett på under koronakrisa. Årsakene til endringane i tenestene er omdisponeringar av personalressursar, smittevernrestriksjonar og redusert etterspurnad, viser ein ny rapport frå koordineringsgrupp...