Innlegg:
1.mai 2020🇳🇴
Gratulerer med arbeidernes kampdag!
Dei leiande kreftene i den norske arbeiderbevegelsen stod i 1935 for folkevald styring av kapitalkreftene. ( Kriseforliket Arbeiderpartiet og Bondepartiet)
Dette var og er ein føresetnad for at ikkje arbeidsfolk skal stå med «lua i handa» for å få seg vanlig betalt arbeid som ein kan leve av.
Grunnlova vår slår fast at dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsverksemda si.
Derfor arbeider Sp blant anna for å erstatte ukontrollert arbeidsinnvandring frå EU/EØS land utanfor Norden,med kontrollert arbeidsinnvandring vedteken av det norske Storting.Dette krev ein sterkare og meir aktiv fagbevegelse!
Det er avgjerande viktig å arbeide for denne grunnregelen for eit velorganisert arbeidsliv. Eit velorganisert arbeidsliv er føresetnaden for eit trygt familieliv.
No trengs folkevalgt styring til fellesskapet sitt beste!
Riktig god feiring🍀
Postet:
2020-05-01 13:45:39