Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
I dag kom Høyre på banen om oljeskatt! Det var ikkje eit sekund for tidleg. No må me halde aktiviteten oppe i oljeindustrien - og me må gje gass i omstillinga til klimavennlege investeringar. Forslaget til regjeringa, slik det framstår før alle detaljar er på plass, er eit balansert utgangspunkt. Men allereie no kan me sjå nokre sentrale manglar: 🌹 Det er våre verft som treng oppdrag no, og våre arbeidsfolk som treng tryggleik for jobb. Dette må regjeringa sikre. 🌹 Pengane dette utløyser kan ikkje ende opp med å gå til store utbyttar hjå private eigarar. Det må det setjast grenser for. 🌹 Og landet treng fleire klimavennlege investeringar som elektrifisering, havvind og CO2-fangst og lagring. Her er det berre å setje i gang. Heile forslaget til regjeringa kjem ikkje før 12. mai. Arbeiderpartiet er klare for å jobbe fram løysingar for oljearbeidarane, leverandørindustrien og landet.

Postet:
2020-04-30 14:10:05